Hjelp, instrument!

Skolen 3

Lysefjorden har fått sitt eige korps, Lyshornet SkoleBrass. Primus motorar er Siri Linn Schmidt Fotland, Heidi Bergsvåg og Birte Bjørkelo.

– Vi byrja å snakka saman etter 17. mai-toget i år. Det var litt stusseleg å ikkje ha noko korps i spissen, seier Siri Linn. Den lokale eldsjela har bakgrunn frå elitekorpset Krohnengen Brassband. Øvingane blir på den nyoppussa skulen i bygda.

Og det står ikkje på entusiasme frå rektor og lærarar.

– Vi har berre møtt velvilje og ja-haldning. Spesielt rektor Ole Lars Strønen har vore veldig positiv, seier ho.

Hjelp, instrument!

Men, det blir ikkje mykje futt i eit korps utan instrument. Difor ber Siri Linn osingane om å ta ein sjekk på loft og i kjellar.

– Kanskje er det nokon som har eit instrument vi kan låna eller veit om eit som står og støvar ned i ein kjeller, seier ho.

Dermed er oppmodinga vidareformidla.

– Kva er det som er så flott med korps?

– For det fyrste så er det ein møteplass på tvers av kjønn og alder. Dessutan er det eit alternativ til fotball, handball og riding.
Supergod

Lyshornet SkoleBrass er open for alle frå tredje klasse og oppover. Og nei, ein treng ikkje vera supergod på eit instrument for å få vera med.

I byrjinga stiller Siri Linn sjølv som dirigent. No håpar ho og dei andre initiativtakarane at lysefjordingane slenger seg med.

– Vi er i alle fall veldig begeistra. Det vi manglar på å vera tidleg ute før hausten, tek vi att i entusiasme.

Så vert det spennande å sjå om det vert litt meir liv i 17. mai-toget i Lysefjorden til våren igjen.

– Eg håpar i alle fall eg slepp å sitja om eit år og tenkja: «Ja-ja, det var kjekt å prøva», seier ho.

Klipp fra Os Fusaposten

Email this to someoneShare on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter