Lysekloster skole skåret høyest i alle fag.

002 - Kopi

Vi har sakset fra Midtsiden som skriver:

Os kommune skårar eit stykke under landssnittet i dei nasjonale prøvane, og administrasjonen dykka djupare ned i detaljar knytt til enkeltskular i tenesteutvalet onsdag. Etter presentasjonen, ville Susanne Sperrevik (H) vita om det finst enkeltskular som merker seg positivt ut.

– Når ein kjem til ungdomsskulen, kan ein då sjå skilnad på elevane ut frå kva barneskule dei kjem frå, spurde Sperrevik.

– Det finst éin skule me har fått slik tilbakemelding om, svara Knut-Vidar Garlid.

– Det er Lysekloster skule. Dei har vore ganske gode, og elevane derifrå held fram med å gjera det bra gjennom ungdomsskulen, la Garlid til.

 

Lysekloster mot straumen

Statistikken for Lysekloster skule syner at 31,6 prosent av 5.-klassingane er på høgste nivå i lesing, mot eit kommunesnitt på 17,7 prosent. Lysekloster skule er dermed også eit godt stykke over landssnittet på 26,4 prosent. Skulen gjer det endå sterkare i rekning, med 38,1 prosent på høgaste nivå, der kommunesnittet er 21,1 prosent. Enkelte skular i Os har nedimot 15 og 10 prosent av elevane på høgste nivået.

Lysekloster skule har gjennom ei årrekkje jobba systematisk med dei grunnleggjande ferdigheitene. Les «Os og Fusaposten» sitt intervju med rektor Ole Lars Strønen frå 2014, der han forklarer kva som ligg bak dei gode resultata.

 

Kuventræ i toppsjiktet

I tillegg ligg Kuventræ skule i toppsjiktet i Os, om enn eit hakk bak skulen i Lysefjorden. Kuventræ skule har til dømes mykje betre resultat i engelsk enn mange andre skular i Os. Medan fleire skular i Os har over 50 prosent av 5. klassingane på lågaste nivå i engelsk, har Kuventræ skule berre 22 prosent på dette nivået. I staden har 60 prosent av elevane greidd nivå 2 (middelnivået). Tilsvarande gode resultat har skulen i rekning.

– Her er Kuventræ framføre landsnittet og fylket, sa Garlid.

Politikarane vart vist ei oppsummering frå skulen, der det mellom anna vart peikt på at «matematikkfaget alltid har vore eit av våre sterke felt. Praktisk rekning er noko vi prøver å bruka i alle samanhengar, både i klasserommet og utomhus.»

 

Må læra av dei beste

– Kva det er dei skulane gjer som gjer det bra? Det må jo spreiast og delast, påpeikte Susanne Sperrevik.

– Det blir gjort, svara kommunalsjef Line Rye, og fekk støtte frå fagsjef Sørås.

– Det er nettopp dette som er interessant å sjå på no. Kva kan ulike skular læra av kvarandre? Eit døme er Lunde barneskule, som får elevar frå Halhjem barneskule inn i frå 5. klasse av. Då kan ein sjå at den eine skulen er god i eitt fag, medan den andre skulen er betre i eit anna fag. Men kva er det som gjer det? Slikt samanlikningsarbeid er noko av det me vil jobba med framover, sa fagsjef Per-Olav Sørås.

 

Email this to someoneShare on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter