800 klasser deltok – elevene ved Lysekloster skule vant Mattematchen.

osogfusaposten

Sakset fra Os&Fusaposten:

Over 800 klassar deltok i den landsomfattande konkurransen Mattematchen. Stor innsats frå elevane i 4. klasse på Lysekloster skule bidrog til at dei vann hovudpremien.

Elevane var utruleg glade då eg fortalte dei at dei hadde vunne. Dette har dei jobba hardt for i to månader, seier kontaktlærar Anne-Kristin Naurstad.

Mål om å bli flinkare

Det er 10monkeys som står bak konkurransen. Målet er at born skal bli flinkare i matematikk.

– Første til og med fjerde trinn har delteke. Første- og andreklasse har konkurrert i ei gruppe, og tredje- og fjerdeklasse i ei annan. Dei har løyst ulike matteoppgåver over internett. Ein får poeng utifrå kor mange korrekte svar ein har, seier Naurstad og held fram:

– Det blei rekna gjennomsnittspoeng, så klassestorleik hadde ikkje noko å seia.

Elevar motiverte medelevar

Konkurransen har gått dei siste to månadene, og elevane frå Lysekloster skule har gått «all in» for å vinna hovudpremien.

– Vi har tre datatimer kvar veke. Dei har vi stort sett brukt på dette prosjektet. To månader er lang tid, og nokre elevar begynte å bli litt lei etter påske. Då sa eg at anten gjer vi oss og seier at vi har lært mykje, eller så står vi på dei siste vekene. Det var ikkje noko tvil om at elevane ønskte å halda fram, og dei som var ekstra motiverte var flinke til å halda oppe motivasjonen i klassen.

Overbevist om å vinna

Då konkurransen blei avslutta, trekte arrangøren ut ein vinnar i kvar av gruppene blant dei ti klassane som hadde vore mest aktive.

– Eg var overbevist frå første stund om at vi skulle vinna, men eg trudde likevel ikkje mine eigne auge då det stod på Facebook at hovudpremien var trekt ut, og vinnaren var 4. klasse på Lysekloster skule, seier Naurstad.

Den same klassen vann også vekepremien for to veker sidan.

Drilla i matematikk

Vinnarane får sjølvsagt ein premie. Naurstad fortel at dette er noko heile skulen dreg nytte av.

– Vi får seks androide nettbrett, eit pedagogisk leketøysett – som eg førebels er litt usikker på kva er, og ein eitt-års-lisens på 10monkeys. Kjempehyggeleg for klassen og resten av skulen.

Dette er første gong elevane tek del i 10monkeys´ Mattematch, men dei kjem heilt sikkert til å delta igjen.

– Konkurransar er ofte gøy. Alle konkurrerer saman om eit felles mål. Elevane oppmuntrar kvarandre. Det gjer det lettare å læra, seier Naurstad og held fram:

– Eg trur dei har lært mykje, og fått ei skikkeleg drilling i grunnleggjande matematikk.

 

Email this to someoneShare on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter