Konsert på Lysøen:

Lysøen

Møte med fire musikktalent

Førskomande søndag 28. aug kan ein høyra fire unge musikarar framføra norske folketonar og musikkstykke av komponistane Ole Bull, Edvard Grieg og Harald Sæverud.

Det er veneforeiningane ved dei tre komponistheimane; Lysøens Venner, Troldhaugens Venner og Siljustøls Venner, som i fellesskap inviterer dei unge musikarar til å presentera seg for publikum på ein av desse unike konsertarenaene. Og på søndag er det i Ole Bulls villa på Lysøen det skjer.
Unge talent frå inn- og utland

Johanne Løkenskard Mjøs frå Bergen spelar hardingfele, og vil opna konserten med nokre norske folketonar før ho spelar «Sæterjentens søndag» og «I ensomme stunder» av Ole Bull. På slutten av konserten får me også høyra henne spela «Bruremarsj etter Myllarguten»

Ho studerer for tida folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss, og fokuserer spesielt på hardingefelemusikken frå Hallingdal og felemusikk frå Nordland og Troms.

Neste post på programmet er Edvard Grieg sin fiolinsonate nr. 2 i G-dur (2. og 3. sats) framført av Mara Smiukse (frå Latvia) på fiolin og Eirin Bjerkomp Soelberg på klaver.

Mara Smiuksen har både bachelor- og masterutdanning i utøvande fiolin frå Griegakademiet i Bergen, og har m.a. starta Bergen Unge Strykekvartett.

Eirin B. Soelberg er frå Sørum i Akershus, og studerer for tida utøvande klassisk musikk ved Griegakademiet. Ho tok sin bachelorgrad med beste eksamenskarakter på hovudinstrument i juni i år.

Mezzosopran Zsuzsa Zseni frå Ungarn saman med pianist Eirin Bjerkomp Soelberg frå Sørum i Akershus vil deretter syngja/spela fleire musikkstykke av Grieg, med tekstar av bl.a. Henrik Ibsen (En svane) og Bjørnstjerne Bjørnson (Fra Monte Pincio). Zseni var m.a. finalist i London i 2015 på Grand Virtuoso International Music Competition. I år har ho også spelt Cherubino i Figaros Bryllup i ei oppsetting i London.

Soelberg tek deretter publikum med på ein klaverkonsert der ho presenterer nokre verk av Sæverud, som t.d. «Rondo Amoroso» og «Syljetone», og avsluttar med «Bruremarsj etter Myllarguten» av Edvard Grieg.

Email this to someoneShare on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter