«Sometimes you win – sometimes you learn»

1

Etter ei god natt søvn vakna me opp til skyfri himmel og strålande sol. Som vanleg starta dagen med å eta frukost saman med 7 stykk kattar, nokre danskar, trenarteamet og lagkameratar. For her nede har me faktisk gleda av å dela buffeten saman med desse husvarme dyra. Dette synest Truls Hovland er stas, mens Thomas Hille synest dette er nokså upassande. Til forskjell frå dei to andre dagane, blei frukosten innkassert eit par timar seinare då me skulle spela kamp mot dei danske drengene frå Aarhus klokka 15.00 tyrkisk tid.

Etter beskjed frå vår eigen dansk dreng, Jacob Nielsen, tok fleire av oss turen til stranda for å sola oss. Neida. Som den seriøse fysiske trenaren Jacob er, anbefalte han oss å ta ein spasertur langs vasskanten, sykla, tøya og rulla på foam-rollers. Dette skulle førebu oss godt til møtet med dansk 2.divisjon.

 

Etter lunsj samla me oss i eit storslott seminarrom her på hotell IC Santai Resort, som ligg på Kadryie-stranda i Belek. Coach Hetlevik fekk gitt sine beskjedar og me retta snuten mot kamparenaen etter ein god teamtalk.

 

Etter at laga gjekk i garderoben med 0-0 til pause, opna 2.omgang friskare då Truls på Henry-vis satt inn 1-0 etter ein iskald avslutning åleine med keeper. 1-1 kom på ein corner, der ein frå motstandarlaget gjekk momentant i bakken etter at ballen gjekk i nettet. Vedkommande vart sendt i ambulanse etter at politimester Kjetil Hansen reagerte fort og måtte utføre livredning. Me ønskjer han god betring! 2-1 kom også på dødball like før slutt, og kampen enda dessverre med tap mot eit fysisk sterkt og godt lag. Men laget la ned ein god innsats og me tar med oss det positive i kampen og jobbar vidare med vårt spel.
No ladar karane opp med diverse sosiale aktivitetar og ser fram til ein ny dag med nye moglegheiter. Det er i motbakke det går oppover.
Venleg helsing

Eirik Rode & Truls Hovland

 

Dagens bildeserie:

2 3 28504544_10155760893456281_414155495_o 28555024_10155760893946281_548275131_o IMG_4541 IMG_4566

 

Våre bidragsytere til treningsleiren:

sponsor
Email this to someoneShare on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter